Allegro for to av Kvadratteatret

Arrangementsinformasjon
Default file 1515786676

Allegro for to (arbeidstittel)

Allegro for to er ei framsyning som forskar i temaet einsemd med teknikkar frå klovn- og maskespel. Einsam frivillig eller ufrivillig, åleine eller med andre, i kjærleik eller sorg. Kompaniet vil undersøke kva det vil seie å stå utanfor eit felleskap og når det kan bli farlig.

Frontlosji / UFO

Kvadratteatret har Frontlosji på årets festival. Etter ei vekes intensive prøvar på Cornerteateret vil dei presentere ei arbeidsvisning, eller eit uferdig objekt (UFO), for oss i Søylesalen. Kvadratteatret har som mål å ha utvikla og produsert ferdig framsyning våren 2019, med premiere i Bergen.

Frontlosjefestivalen 2018

Frontlosjens festival for fersk scenekunst. I løpet av ei langhelg i februar byr vi på nye framsyningar, seminar og god stemning på Cornerteateret i Bergen. Anten du er nyfiken på kva som rører seg i Bergen eller er aktør i scenekunstfeltet sjølv, er dette festivalen for deg! Les meir

Program

Torsdag 22. februar

10:00   Seminar om dramaturgi, Cornerbaren | Påmelding
18:00   Allegro for to (arb.tittel) av Kvadratteatret (Frontlosji/UFO) | Billett
20:00   What Shines av Papirvinger / Ine Terese Hogstad, Kongesalen | Billett

Fredag 23. februar

18:00   Her past in their present now av Grov Productions (UFO) | Billett
20:00   The First Time I Saw the Sea  av YVA, Kongesalen | Billett

Laurdag 24. februar

14:00   Bransjekaffi, Cornerbaren | Opent for alle
18:00   Put Out the Light  av The Fourth Stage, Søylesalen | Billett
20:00   Your Guess is as Good as Mine av TGO//4332, Kongesalen | Billett
24.04   22:00   #losjefest, Cornerbaren | Opent for alle

losjefest
cornerteateret
scenekunst
festival
frontlosjefestivalen
frontlosjen

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.