page view image

Den skamfulle dansen av Anna og Berit Einemo Frøysland | Frontlosjefestivalen

Arrangementsinformasjon
event image

Velkomen med på reisa til ei taktfull tå!

Du er på lokal disko i gymsalen. Det skal dansast. Du slår ut og opp med armane og dreg i gang dansen. Folk blir med. Gymsalen er no passe stor. Du kan blande deg inni skogen av folk og kjenne deg trygg. Men akk, det var berre ein fantasi. I verkelegheita står du urørleg, er 13 år og beveger deg berre inni kleda dine. Med stortåa fylgjer du takta inni skoen, ingen ser det.  

LÆR AV DEG SJENANSEN!
og alt vil bli bra.  

Inni kvar enkelt av oss lurer det ein lovbrytar, klar til å springe ut ved fyste anledning. Bli med oss inn i fridomens rike, eit velkonstruert luftslott fullt av grubleri og spørsmål om av-sjenering.

Dansarane Anna og Berit livar opp att forelda, stiv sjenanse. Dei utrykkjer seg gjennom eit detaljert formspråk som inneber både dans, skodespel, song, filosofi, historieforteljing, føredrag, optimaliseringsprosessar, sjølvhjelp og minner.

Om kunstnaren

Anna og Berit kjem frå Lærdal og dei har si profesjonelle utdanning som dansarar frå henholdsvis Kunsthøgskulen i Oslo og Balettakademien i Stockholm. Dette er det andre scenekunst-prosjektet dei skapar saman.

Rulletekst

Dans og koreografi: Berit Einemo Frøysland og Anna Einemo Frøysland | Co-produsent: Frontlosjefestivalen | Støtta av: Kulturrådet, FFUK, Fjelldansen koreografiske senter og Proscen | Ytre auge: Cecilie Lindeman Steen | Dramaturgisk vegleiing: Andrea Spreafico  

annafroysland.com
beritfroysland.com

Torsdag 24. februar

10:00 Seminar
19:00 Gardening av Rita Maria Munoz (NO/CL) | Søylesalen
20:30 Den skamfulle dansen av Anna og Berit (NO)| Kongesalen

Fredag 25. februar

10:00 Seminar
19:00  Somethimes the directive may not work as planned av Sang hoon Lee (KR) | Søylesalen
20:30 Clean bastards av Martijn Joling (NL) | Kongesalen

Laurdag 26. februar

18:30 Rita Løvetannhjarte av Lina Taule Fjørtoft (NO) | Søylesalen
20:00 Amor Fati av Sigmund Njøs Hovind (NO) | Kongesalen
22:00 piñata, hotdogs og paljettar


frontlosjen.com | @frontlosjen | #losjefest

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Dørane stengar presis.