Her past in their present now av Grow Productions

Arrangementsinformasjon
Default file 1515787692

Her past in their present now

Her Past in Their Present Nower eit personleg stykke. Grov utforskar den fysiske og psykiske påkjenninga det er å ha diabetes i danseverda. Framsyninga tek for seg hennar og dansarane sine personlege hendingar og kjensler frå kroppspress og korleis ein ideell dansekropp bør sjå ut. Stykket er koreografert for ei gruppe kvinnelege dansarar frå ulike etniske bakgrunnar og med varierande fysikk, der dei saman skapar ein refleksjon rundt dette temaet. 

UFO

Her Past in Their Present Now er eit work in progress som starta sommaren 2017. På Frontlosjefestivalen får vi sjå ei arbeidsvisning, eller eit uferdig objekt (UFO) i samarbeid med Bergen Dansesenter. Etter framsyninga vil det vere mogleg for publikum å gi attendemelding til kunstnarane.

Frontlosjefestivalen 2018

Frontlosjens festival for fersk scenekunst. I løpet av ei langhelg i februar byr vi på nye framsyningar, seminar og god stemning på Cornerteateret i Bergen. Anten du er nyfiken på kva som rører seg i Bergen eller er aktør i scenekunstfeltet sjølv, er dette festivalen for deg! Les meir

Program

Torsdag 22. februar

10:00   Seminar om dramaturgi, Cornerbaren | Påmelding
18:00   Allegro for to (arb.tittel) av Kvadratteatret (Frontlosji/UFO) | Billett
20:00   What Shines av Papirvinger / Ine Terese Hogstad, Kongesalen | Billett

Fredag 23. februar

18:00   Her past in their present now av Grov Productions (UFO) | Billett
20:00   The First Time I Saw the Sea  av YVA, Kongesalen | Billett

Laurdag 24. februar

14:00   Bransjekaffi, Cornerbaren | Opent for alle
18:00   Put Out the Light  av The Fourth Stage, Søylesalen | Billett
20:00   Your Guess is as Good as Mine av TGO//4332, Kongesalen | Billett
24.04   22:00   #losjefest, Cornerbaren | Opent for alle

 


losjefest
cornerteateret
scenekunst
festival
frontlosjefestivalen
frontlosjen
dans
samtidsdans

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.