Put Out the Light av The Fourth Stage

Arrangementsinformasjon

Put Out the Light

Put Out the Light av The Fourth Stage

«An object is not so attached to its name that one cannot find for it another one which is more suitable». — René Magritte

The Fourth Stage vil gi døden eit nytt namn. Korleis forheld vi oss til døden? Korleis kan vi snakke om noko som ingen levande har opplevd? Kva språk skal vi nytte for å omtale det som ligg utanfor språket sine grenser?

Nokre av stemmane i framsyninga kjem frå forfattarar som Langston Hughes og Emily Dickinson. Andre tankar er samla ukjente stemmer, eller generert ved frie assosiasjonar. Saman lagar stemmane ein collage som beveger seg mot ei forståing av det uforståelige. Framsyninga tek deg inn i en verd kor tekst blir til lyd, lyd blir til bevegelse, bevegelse blir til lys, lys blir til song og dauden talar for livet. Det finnes ingen motsetningar her.

The Fourth Stage er eit tverrkunstnarisk kompani som består av dansekunstnar Mirte Bogaert (Skolen for Samtidsdans, 2014) og musiker Vincent Stephen. Dette er deira andre framsyning. Scenografi, kostyme og lysteknikk av Randiane Sandboe. 

Varighet: ca. 35 min. 

Frontlosjefestivalen 2018

Frontlosjens festival for fersk scenekunst. I løpet av ei langhelg i februar byr vi på nye framsyningar, seminar og god stemning på Cornerteateret i Bergen. Anten du er nyfiken på kva som rører seg i Bergen eller er aktør i scenekunstfeltet sjølv, er dette festivalen for deg! Les meir

Program

Torsdag 22. februar

10:00   Seminar: Dramaturgi som verktøy, Cornerbaren | Påmelding
18:30   Allegro for to (arb.tittel) av Kvadratteatret (Frontlosji/UFO) | Billett
20:00   What Shines av Papirvinger / Ine Terese Hogstad, Kongesalen | Billett

Fredag 23. februar

18:30   Her past in their present now av Grov Productions (UFO) | Billett
20:00   The First Time I Saw the Sea  av YVA, Kongesalen | Billett

Laurdag 24. februar

14:00   Bransjekaffi, Cornerbaren | Opent for alle
18:30   Put Out the Light  av The Fourth Stage, Søylesalen | Billett
20:00   Your Guess is as Good as Mine av TGO//4332, Kongesalen | Billett
21:00   #losjefest, Cornerbaren | Opent for alle


Støtta av: Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere.
Cornerteateret, Proscen, Dramatikkens hus.

frontlosjen.com – @frontlosjen – #losjefest

losjefest
cornerteateret
dans
samtidsdans
scenekunst
festival
frontlosjefestivalen
frontlosjen

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.