page view image

Rita Løvetannhjarte av Lina Taule Fjørtoft | Frontlosjefestivalen

Arrangementsinformasjon
event image

– Tenkt å kunne pantast


Vi har det fint
Vi har jo det
Vi smiler og ler
Vi snakkar om kjærleik, studiar, lån og pengar
Vi snakkar om slemme sjefar, vanskelege situasjonar på jobb
Vi snakkar om vêret, mat og turar
Vi har det fint

Rita Løvetannhjarte er historia om det å berre ville ha det fint. Om det å ville vere heilt som alle andre. Ei historie som på ingen måte treng å handle om nokon ting spesielt.

Men noko skjult skurrar.

Dette er også historia om det å vere lita og ville forstå, om store øyre som får med seg bruddstykke av det som skjer. Ei historie om tida der du plutseleg får plass ved vaksenbordet og får fri tilgong på nye versjonar av ditt eige ukjente liv.
Dette er historia om før og no, og frykta og håpet for kva som kjem. Ei historie om minnenes kraft i forvirrande tider og stega ein helst ikkje vil ta for å forstå verda rundt seg, og ikkje minst- seg sjølv.


FRAMSYNINGA SPELAST OG DESSE DATOANE:
SØNDAG 27.02 kl.16:30 og 19:30, billettar finnast her: https://linascenekunstnar.ticketco.events/no/nb
MANDAG 28.02 kl.17:00, billettar finnast her: https://linascenekunstnar.ticketco.events/no/nb

Om kunstnaren

Lina Taule Fjørtoft hadde ei arbeidsvisning av Rita Løvetannhjarte på Frontlosjefestivalen 2020. Lina er utdanna skodespelar frå Nord universitetet (Verdal) og har vore tilknytt fleire prosjekt på både Den Nationale Scene og Det Vestnorske teatret. Ho er òg aktør og initiativtakar til vandreteaterkonseptet «Eventyr i Parken»

Rulletekst

Framsyninga er eit samarbeid med Blå Kors Kompasset og eit ynskje om å belyse deira arbeid.

Idé, manus, skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Dramaturgi og regi: Ingrid Askvik
Musikalsk ansvarleg: Toivo Fjose
Musikar: Mathias Marstrander
Lys: Jan Neal Holden
Scenografiskisse: Silje Sandodden Kise
Mentor: Aslak Moe
Takk til: Frontlosjefestivalen, Blå Kors Kompasset
Støtta av: Bergen kommune, Fritt ord, Bergesenstiftinga, Norsk kulturråd, Proscen

Torsdag 24. februar

10:00 Seminar
19:00 Gardening av Rita Maria Munoz (NO/CL) | Søylesalen
20:30 Den skamfulle dansen av Anna og Berit (NO)| Kongesalen

Fredag 25. februar

10:00 Workshop
19:00  Somethimes the directive may not work as planned av Sang hoon Lee (KR) | Søylesalen
20:30 Clean bastards av Martijn Joling (NL) | Kongesalen

Laurdag 26. februar

10:00 Krasjkurs i raider
18:30 Rita Løvetannhjarte av Lina Taule Fjørtoft (NO) | Søylesalen
20:00 Amor Fati av Sigmund Njøs Hovind (NO) | Kongesalen
22:00 piñata, hotdogs og paljettar


frontlosjen.com | @frontlosjen | #losjefest

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert. Dørane stengar presis.