Your Guess is as Good as Mine av TGO//4332

Arrangementsinformasjon

Your Guess is as Good as Mine

TGO//4332 tek deg med på ei reise gjennom dine eigne tankar, minner og refleksjonar. I framsyninga vil kompaniet presentere abstrakte bilete som kan gi frie assosiasjonar. Kanskje hugsar du noko du har gløymt, eller tenkjer ein heilt ny tanke? Målet er å laga eit formspråk inspirert av naturen som er sterkt, samstundes som det er ope. På denne måten ynskjer kompaniet å appellere til noko som ligg bortanfor, mellom linjene og bak orda. Noko som ligg utanfor kroppen og dei kjende formene. Noko vi kanskje ikkje forstår, men likevel dreg kjensel på.

Varighet: ca 45. min. 

Frontlosjefestivalen 2018

Frontlosjens festival for fersk scenekunst. I løpet av ei langhelg i februar byr vi på nye framsyningar, seminar og god stemning på Cornerteateret i Bergen. Anten du er nyfiken på kva som rører seg i Bergen eller er aktør i scenekunstfeltet sjølv, er dette festivalen for deg! Les meir

Program

Torsdag 22. februar

10:00   Seminar: Dramaturgi som verktøy, Cornerbaren | Påmelding
18:30   Allegro for to (arb.tittel) av Kvadratteatret (Frontlosji/UFO) | Billett
20:00   What Shines av Papirvinger / Ine Terese Hogstad, Kongesalen | Billett

Fredag 23. februar

18:30   Her past in their present now av Grov Productions (UFO) | Billett
20:00   The First Time I Saw the Sea  av YVA, Kongesalen | Billett

Laurdag 24. februar

14:00   Bransjekaffi, Cornerbaren | Opent for alle
18:30   Put Out the Light  av The Fourth Stage, Søylesalen | Billett
20:00   Your Guess is as Good as Mine av TGO//4332, Kongesalen | Billett
21:00   #losjefest, Cornerbaren | Opent for alle


Støtta av: Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere.
Cornerteateret, Proscen, Dramatikkens hus.

frontlosjen.com – @frontlosjen – #losjefest

losjefest
cornerteateret
dans
samtidsdans
scenekunst
festival
frontlosjefestivalen
frontlosjen

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.